Språkmøtet 2010

(15.2.10) Språkrådet arrangerer eit årleg språkmøte knytt til det som er Unescos internasjonale morsmålsdag i slutten av februar. Bakgrunnen for eit slikt møte er at Språkrådet vil halda ein formalisert kontakt med viktige språkaktørar i samfunnet.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Den fyrste språkstatusrapporten «Språkstatus 2010» blir presentert i samband med dette møtet. Andre punkt på saklista er språkpolitiske aktualitetar og orientering om den språkpolitiske situasjonen i Danmark og Sverige.

I 2010 blir Språkmøtet halde måndag 22. februar, og møtet er for inviterte deltakarar frå språkorganisasjonar og kultur- og mediesektoren. 

Unescos internasjonale morsmålsdag
Unescos internasjonale morsmålsdag blei for fyrste gong markert i 2000. Dagen er til for å fremja språkleg og kulturelt mangfald og fleirspråklegheit. Meir informasjon om morsmålsdagen finn du på nettstaden til Unesco.

Rapporten «Språkstatus 2010»
I samband med behandlinga av språkmeldinga i april 2009 vart det avgjort at Kulturdepartementet kvart fjerde år skal leggja fram for Stortinget ei melding om språksituasjonen her i landet. Som grunnlag for ei slik stortingsmelding har departementet bede Språkrådet om å utarbeida årlege rapportar om språktilstanden. Eit sentralt innslag på Språkmøtet blir såleis presentasjonen av den fyrste rapporten «Språkstatus 2010». Tilsvarande statusrapportar er på trappene i Sverige og Danmark.  

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.02.2010 | Oppdatert:19.11.2021