Språkleg fridom og mangfald i Bærum kulturhus

(21.9.10) 26. september blir Den europeiske språkdagen markert fleire stader i landet. I Bærum kulturhus blir det debatt, kunstnarlege innslag og føredrag om språkleg mangfald og språkleg fridom. Språkrådet stør arrangementet.

Arrangementet i Bærum kulturhus
I programmet deltek språkfolk, forfattarar og kunstnarar frå inn- og utland: Jørn Lund, Rolf Theil, Elisabet Middelthon, Reza Rezaee og Soudabeh Alishahi. Det blir òg dans frå Hawaii og musikalske innslag frå Bosnia. Detaljert program finn du her.

Arrangør: Bærum Mållag i samarbeid med Fondet for dansk-norsk samarbeid, Norsk PEN, Språkrådet og Bærum kommune.

Tid og stad: sundag 26. september, kl. 14.00–16.00, Bærum kulturhus i Sandvika
Gratis inngang

Den europeiske språkdagen
Den europeiske språkdagen 26. september er initiert av Europarådet og blir markert i over 40 europeiske land. Føremålet er å auke medvitet om det språklege og kulturelle mangfaldet i Europa og støtte opp om språklæring og utvikling av fleirspråklegheit i samfunnet. Du kan lese meir om Den europeiske språkdagen 2010 på http://edl.ecml.at/.


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter