Seminar om nynorske hjelpemiddel og kurstilbod i Bergen 25. mars

(8.3.10) Språktenesta for statsorgan i Språkrådet held med ujamne mellomrom møte og seminar om språklege emne som kan vera av interesse for tilsette i staten. Meld deg på innan 22. mars.

Dato: torsdag 25. mars
Stad: Statens hus i Bergen, 11. høgda, Kaigaten 9


Program

09.00–09.30 Opne dører, servering av kaffi og te
09.30–09.40 Opning, Rune Fjeld, assisterande fylkesmann i Hordaland
09.40–11.25 Presentasjon av omsetjingsprogrammet Nyno og andre produkt frå Nynodata, Bjørn Seljebotn, dagleg leiar i Nynodata
11.30–12.00 Arbeidet med ny nynorskrettskriving, Grete Riise, leiar for nynorskrettskrivingsnemnda til Språkrådet
12.00–12.45 Lunsjpause med enkel servering
12.45–13.15 Kurstilbod frå NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter
13.15–13.45 Kurstilbod frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Tone Skjerdal, rådgjevar
13.55–14.15 Nynorskarbeidet til språktenesta for statsorgan og nynorskhjelpemiddel på www.klarspråk.no
14.15–14.30 Avrunding og oppsummering


Send påmelding til stat(a)sprakradet.no seinast måndag 22. mars.

Seminaret er gratis.

Dersom du har spørsmål om seminaret, kan du ta kontakt med rådgjevar Kjetil Aasen i Språkrådet på e-post kjetil.aasen(a)sprakradet.no eller telefon 22 54 19 68.


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter