Revidert nynorsk er på veg

(22.12.10) Ei ny rettskriving for nynorsk er under arbeid. Nemnda som arbeider med rettskrivinga, skal ha eit forslag klart til høyring utpå nyåret, 1. februar 2011. Nemnda er framleis interessert i innspel frå brukarane.

Diskuter på nettet
Normeringa må ta særleg omsyn til dei nynorske kjerneområda og til dei elevane som har nynorsk som opplæringsmål, men samtidig skal rettskrivinga vere lett å lære for alle som vil skrive korrekt nynorsk.

Språkrådet og nemnda med leiar Grete Riise vil gjerne ha dialog med språkbrukarane om nynorskrettskrivinga. – Vi ber om fleire innspel, reaksjonar og synspunkt.

Følg med i nytt frå nemnda på nettsidene til nemnda, og diskuter i forumet Nynorsk 2011 på www.nynorsk2011.org.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter