Øvrebotten: – Lomheim har vore folkets språkdirektør

(3.9.10) – Som den fyrste språkdirektøren i landet har Sylfest Lomheim makta å gjere Språkrådet kjent og få fram at språket vårt vedkjem alt og alle, seier fungerande styreleiar Magni Øvrebotten.

Magni Øvrebotten. Bilete: SpråkrådetSylfest Lomheim har vore språkdirektør i sju år. Den siste dagen i august vart han takka for innsatsen av representantar frå norsk kultur- og samfunnsliv. Regjeringa var òg representert, ved sida av fagråda, styret og dei tilsette i Språkrådet.

Han Sylfest har vore her, seier folk med stoltheit og glede i blikket. Over heile landet, sa Øvrebotten i talen sin til Lomheim.


 

Sylfest Lomheim. Bilete: Språkrådet– Du har reist land og strand rundt, i utland med, og aldri spart deg når nokon spurde om du kunne kome. På same vis har du yppa til debatt om språk i Noreg og alt det inneber. Du har vorte folkets språkdirektør. Det er fordi du har ei uvanleg evne til å snakke enkelt og levande – og med eit uvanleg engasjement for språk, sa Øvrebotten til Lomheim.

 



 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter