Nytt nummer av Språknytt

(30.11.10) Årets siste nummer av Språknytt er ute. Stikkord for dette nummeret: snikinnføring av nabospråk i skulen, å skrive blogginnlegg versus å skrive for eit papirtidsskrift, kvardagen til ein tolk, draumar om rockestjerner og mytar om språk, uttalen av totusen(talet), Clara Holst og mykje meir. Bladet inneheld som vanleg dei faste spaltene Lesarspørsmål, Nyord, Smått, Med andre ord og Språkbrukaren.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Visste du at folk i Norden forstår kvarandre dårlegare enn før? I intervjuet fortel Bodil Aurstad, som har ei nokså fersk stilling som nordisk språkkoordinator, korleis ho vil gjere barn og unge merksame på verdien av det nordiske språkfellesskapet.

Kvifor er det annleis å skrive eit blogginnlegg enn å skrive for eit papirtidsskrift? Artikkelen Skriftlige samtaler – sosiale medier gjev svar. Kva for språk drøymer du på? Slik sluttar artikkelen Om drømmemannen og andre myter.

Trur du det fanst noko arbeid for norsk språk før 1814? Ein av artiklane i bladet fortel litt om den tida. Artikkelen 2000-talet – ein gong til drøftar argumenta som ligg bak dei ulike måtane å seie årstala frå og med år 2000 på. Ein annan forklarar kvifor det er ein samanheng mellom erkeenglar og arkitektar.

Elles i dette nummeret kan du lese om dei som fekk Språkprisen 2010. Du kan lese ein kort statusrapport frå nemnda som arbeider med revisjonen av nynorsknorma, og du får vite litt om korleis det er å vere tolk.

Den siste artikkelen i bladet handlar om Clara Holst, den første kvinna som tok doktorgraden i Noreg. Historia bak er denne gongen ei nyårshelsing til lesarane.

Bladet inneheld som vanleg dei faste spaltene Lesarspørsmål, Nyord, Smått, Med andre ord og Språkbrukaren.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.11.2010 | Oppdatert:19.11.2021