Nynorskrettskrivinga skal bli enklare

(5.1.10) Styret i Språkrådet har oppnemnt ei rettskrivingsnemnd som skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Den nye norma skal erstatta dagens norm. Arbeidet skal vera ferdig 15. mai 2011 etter ein open og inkluderande prosess.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse, heiter det i vedtaket frå styret.

Rettskrivingsnemnda (prosjektgruppa)Grete Riise

  • Seniorrådgjevar Grete Riise (62), Bergen, leiar (bilete). Riise er nettredaktør hjå Fylkesmannen i Hordaland.
  • Førsteamanuensis Unn Røyneland (43), Oslo, nestleiar. Røyneland arbeider ved Universitetet i Oslo og ved Høgskulen i Volda.
  • Journalist Ragnhild Bjørge (32), Oslo. Journalist og reportasjeleiar i NRK Dagsnytt.
  • Lærar Karin Magnetun (46), Ål, Torpo barneskule.
  • Lektor og forfattar Tore Elias Hoel (56), Bodø videregående skole.
  • Redaktør Svend Arne Vee (42), Flora. Vee er redaktør i lokalavisa Firdaposten i Florø.
  • Prosjektdirektør Åse Wetås (37), Oslo. Wetås leier arbeidet i Norsk Ordbok 2014.

Sekretær for prosjektet er ordlisteredaktør og språkrettar Aud Søyland (55), Leira.

Mandatet
1 På grunnlag av utgreiinga om nynorsknorm i 2002, seinare offentleg ordskifte, språkmeldinga frå 2008 og drøftinga av denne i Stortinget våren 2009 set styret i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. Denne nye norma skal vera eit tilbod til alle som ynskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innanfor ei norm.

2 Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse.

3 Norma skal vera slik at nynorsken framleis kan appellera til språkbrukarar over heile landet og gir rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er difor blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma.

4 Grunnlagsmaterialet frå arbeidet med normering 2001–2003 er eit fagleg hovudgrunnlag for arbeidet med den nye norma.

5 Det blir oppnemnt ei breitt samansett nemnd på sju medlemer som utfører arbeidet i tråd med dette mandatet og dei rammene for arbeidet som er utdjupa nedanfor. Til hjelp i arbeidet får nemnda ein eigen sekretær.

6 Arbeidet skal gjennomførast i ein open og inkluderande prosess. Nemnda har ansvaret for å utforma ein arbeidsplan som tek omsyn til dette og dei rammevilkåra som er sette opp.

7 Nemnda skal leggja fram endeleg innstilling seinast 1.4.2011 med eit ope høyringsmøte i februar 2011.

8 Styret vil leggja til rette for at den nye norma kan gjelda frå 1.8.2012 og då mellom anna vera tilgjengeleg i ei ny utgåve av Nynorskordboka, under føresetnad av godkjenning frå Kulturdepartementet.

Frist
1. april 2011: Endeleg tilråding frå prosjektgruppa, til behandling i Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon og i Språkrådets styre.

Frist for ferdig behandling: 15. mai 2011.

Bakgrunn
Det var i september 2009 at Kulturdepartementet bad Språkrådet om å setja i gang arbeidet med ein gjennomgang av nynorskrettskrivinga, på bakgrunn av tidlegare vedtak i saka i styret og behandlinga av stortingsmeldinga «Mål og meining».

Kontaktpersonar:
Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, tlf. 957 92 783
Ida Berntsen, styreleiar i Språkrådet, tlf. 900 36 060

 

Foto: Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.01.2010 | Oppdatert:19.11.2021