Nynorsk på sterk retur i lesebøker

(11.1.10) Dei nye lesebøkene som er laga for ungdomsskulen etter Kunnskapsløftet, har langt færre tekstar på nynorsk enn det lesebøkene hadde før. Det går fram av ei ny gransking.

Granskinga er gjord av tekst- og skriveforskar Norunn Askeland, førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Vestfold, og vert publisert i ei ny artikkelsamling frå Språkrådet.

– Alvorleg
– Enkelte norsklesebøker har no berre ein tredel så mykje nynorsktekst som det utdanningsstyresmaktene tidlegare meinte måtte til for å lære å lese og skrive nynorsk. Granskinga tyder på at alle elevar, anten dei har nynorsk som sidemål eller hovudmål, får mindre høve til å lese nynorsk enn det dei hadde før. Nynorskelevar blir presenterte for hovudmålet sitt som om det var eit sidemål. Det er alvorleg, seier Sigfrid Tvitekkja, fagkoordinator i Språkrådet.

– Forlag og lærebokforfattarar har ikkje klare retningslinjer å halde seg til i spørsmålet om fordeling av bokmål og nynorsk i lesebøker i norskfaget. Samstundes tek dei lite omsyn til det som står i opplæringslova om at lesebøker skal ha nok tekst på begge målformer til at elevane lærer både bokmål og nynorsk. Ansvaret for denne situasjonen ligg i Kunnskapsdepartementet, seier Norunn Askeland.

Før: Krav om 33 prosent. Snitt i 2009: 15 prosent
Fram til 2000 var kravet at det skulle vere 33,3 prosent nynorsktekst i lesebøker for elevar med bokmål hovudmål. Dei nye lesebøkene som denne elevgruppa bruker no, har i snitt berre 15,4 prosent nynorsktekst (varierer mellom 9,5 og 24 prosent frå verk til verk).

I fellesutgåver (for elevar med bokmål eller nynorsk hovudmål) måtte ingen av målformene fram til 2000 vere representerte med mindre enn 40 prosent. Men i fellesutgåvene som vart undersøkte i 2009, ligg nynorskprosenten mellom 25,5 og 33.

Godkjenningsordning fjerna
Tidlegare hadde Språkrådet i oppgåve å sjå til at forlaga følgde reglane for fordeling av bokmål og nynorsk i lesebøker i norskfaget. Denne ordninga vart fjerna i 2000.

– Lesebøkene for ungdomsskulen som er laga etter Kunnskapsløftet, har langt færre tekstar på nynorsk enn det som var tilfellet før godkjenningsordninga for lærebøker vart oppheva, konkluderer Askeland.

Granskinga vert publisert i «Klamme former og sær skriving? Språklege rettar, sidemål og rettskriving i ein ny skulealder». Denne artikkelsamlinga er det første nummeret i serien «Språkrådets skrifter».

Artikkelsamlinga kan tingast frå Språkrådet (trykt utgåve) og ligg i PDF-format på nettstaden til Språkrådet.

Pressekontakt:
Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter