Ny kunnskap om norsk språk i skulen

(11.1.10) Nynorsk er på sterk retur i lesebøkene i ungdomsskulen, og mange elevar er usikre når dei får spørsmål om valfridom i nynorsk rettskriving. Dette er noko av det som kjem fram når Språkrådet no publiserer resultat frå undersøkingar om nynorsk i lesebøker, valfridom i rettskriving, sidemål for minoritetsspråklege elevar og særskriving.

Resultata vert lagde fram i artikkelsamlinga «Klamme former og sær skriving? Språklege rettar, sidemål og rettskriving i ein ny skulealder». Samlinga er det første nummeret i den nye serien «Språkrådets skrifter». Kort om kvar artikkel:

Norunn Askeland: «Kunnskapsløft for nynorsk? Nynorsk i lesebøker etter oppheving av godkjenningsordninga»
Skriveforskar Norunn Askeland har granska kva som har skjedd etter at Språkrådet ikkje lenger skal godkjenne språket i lærebøker og reglane som sytte for fordeling av bokmåls- og nynorskstoff i lesebøkene, vart tekne bort. Ho finn at lesebøker som er laga for ungdomsskulen etter Kunnskapsløftet, har langt færre tekstar på nynorsk enn det lesebøkene hadde før. «Dette er i strid med opplæringslova. Ansvaret for lovbrotet ligg i Kunnskapsdepartementet», skriv Askeland.

Anders Aanes: «Valfridom i nynorsk – eit problem for eleven?»
Aanes har intervjua 282 elevar i Møre og Romsdal. Mange elevar er usikre når dei får spørsmål om valfridom i rettskrivinga. «Mye klammeformer gjør at jeg kommer unna med mer bokmålsord enn jeg burde, lærer ikke hva som er rett nynorsk da», seier ein bokmålselev. Enkelte elevar oppfattar truleg klammeformer som mindre korrekte, ikkje innafor norma. Undersøkinga ser på haldningar til og kunnskap om rettskrivinga hos elevane.

Astrid Syse Talsethagen: «Fritekne – eller utelatne?»
Fritaksregelen i opplæringslova gav inntil nyleg alle minoritetsspråklege elevar rett til å bli fritekne for vurdering i norsk sidemål. Talsethagen har undersøkt korleis dette fritaket slo ut for undervisninga og for elevane. Fritaksreglane har hatt utilsikta konsekvensar både for dei fritekne elevane og for dei elevane som får sidemålsundervisning, hevdar ho.

Magnhild Vollan: «Sammensatte ord i nye norskverk»
Ein feil som har fått auka omfang i skrift i den seinare tida, er særskriving av samansette ord. Kva lærer lærebøkene barn om dette? Vollan har funne at dei fleste lærebokforfattarar meiner særskriving bør tematiserast eksplisitt i norskfaget, sjølv om læreplanen formulerer kompetansemål om rettskriving nokså vidt. Ho har granska fire nye norskverk og vurderer korleis emnet særskriving blir presentert pedagogisk.

Pressekontakt:
Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter