Kronikk: Skjerp klimaspråket

(10.11.10) «Språket har ikkje i seg sjølv skapt issmeltinga i nord, men utan ei skjerpa språkevne både hjå forskarar og publikum vil folk ha vanskar med å forstå årsakene til mindre is på Nordkalotten og effektane av smeltinga.» Det skriv Idar Eidset, Tore Furevik og Johan Myking i ein kronikk i Bergens Tidende på Språkdagen.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Kronikken byggjer på ei spørjeundersøking om korleis folk flest forstår faguttrykk i klimadebatten. Undersøkinga vert presentert på Språkdagen 2010 i dag.

Idar Eidset er seniorkonsulent i Respons Analyse AS. Tore Furevik er professor ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking, Universitetet i Bergen. Johan Myking er professor ved Universitetet i Bergen og leiar i Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk. Det er fagrådet som står bak programmet for Språkdagen 2010.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.11.2010 | Oppdatert:19.11.2021