Forvirring om forskjellen på drivhuseffekt og global oppvarming

(10.11.10) Nesten alle veit kva global oppvarming tyder, men berre halvparten kjenner den riktige definisjonen av drivhuseffekt. Det kjem fram i ei spørjeundersøking som vert presentert på Språkrådets konferanse Språkdagen 2010 i dag.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Eit representativt utval av befolkninga er spurt om korleis dei forstår uttrykk frå klimadebatten. Undersøkinga er gjord av Respons Analyse på oppdrag frå Språkrådet i samarbeid med Bjerknessenteret for klimaforsking. Respondentane har fått ulike svaralternativ å velje mellom.

Mange trur uttrykka tyder det same
Undersøkinga viser at uttrykka global oppvarming og drivhuseffekt er vanskelege å skilje for mange.

  • 97 prosent svarer at global oppvarming tyder 'ein auke i den globale gjennomsnittstemperaturen', og det er riktig.
  • På spørsmål om kva drivhuseffekt tyder, peiker 50 prosent på det riktige svaret, som er at 'gassar i atmosfæren avgrensar varmetap frå jorda'. Nesten like mange, 45 prosent, svarer derimot at drivhuseffekt tyder 'ein auke i den globale gjennomsnittstemperaturen' (men dette er altså definisjonen på global oppvarming, ikkje drivhuseffekt).

– Det kan vere noko med sjølve ordet drivhuseffekt som gjer at mange misforstår det, til tross for at det er velkjent frå skulen og media. Fenomenet vert kalla ein effekt, men er like mykje ei årsak, og global oppvarming er den eigentlege effekten. Bruken av effekt i ordet drivhuseffekt kan derfor vere ein grunn til at mange blandar saman dei to omgrepa. Slik sett er kanskje ikkje drivhuseffekt nokon god term, seier Sigfrid Tvitekkja, fungerande direktør i Språkrådet.

Språkdagen 2010: «Språk på liv og død»
Kva må til for at folk flest skal forstå ekspertar? Kva for krav vert stilte til godt fagspråk og god fagleg formidling? Dette er noko av det som vert teke opp på Språkdagen 2010 i Oslo Konserthus i dag.

Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk er ansvarleg for programmet. Språkrådet arrangerer Språkdagen kvart år for å setje søkjelys på bruk av norsk språk.

Pressekontakt: Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, e-post: svein.arne.orvik(a)sprakradet.no, tlf.: 938 06 923


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.11.2010 | Oppdatert:19.11.2021