Direktørstillinga skal lysast ut på nytt, fire av sju i styret trekkjer seg

(15.10.10) Kulturminister Anniken Huitfeldt seier at stillinga som direktør i Språkrådet skal lysast ut på nytt. Leiar Magni Øvrebotten og medlemmene Jan Olav Fretland, Tor Fuglevik og Silje Solheim Karlsen trekkjer seg frå styret i Språkrådet.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Stillinga som direktør i Språkrådet vart lyst ut i februar. Kulturministeren seier i dag at stillinga skal lysast ut på nytt.

Øvrebotten seier at dei fire trekkjer seg no på bakgrunn av prosessen med tilsetjing av ny direktør.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.10.2010 | Oppdatert:19.11.2021