Besøk av nysgjerrigperar

(27.5.10) Onsdag 26. mai fekk Språkrådet besøk av 6. klasse ved Tokke skule i Vest-Telemark. Elevane deltek i Årets Nysgjerrigper 2010, finansiert av Noregs forskingsråd. Dei har kome til finalen i sin region med forskingsprosjektet og problemstillinga «Kvifor er det feil i det nye norskverket vårt? Kor mange feil kan vi finne i løpet av skuleåret?». Elevane har funne 76 språkfeil av ulike typar.

Funna deira viser at det er svært mykje bokmål for nynorsk, manglande teiknsetjing, orddelingsfeil, manglande bindestrek ved delte ord og ombrekkingsfeil.

Undervegs har Språkrådet rettleidd elevane. Språkrådet er imponert over kunnskapen og språkinteressa som elevane viser, men også litt undrande til kva type språkfeil bøkene faktisk inneheld.

 Elevar frå Tokke skule på besøk i Språkrådet

Foto: Språkrådet

Sist oppdatert 28.5.10

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter