Svensk er hovudspråk i Sverige frå 1. juli

(1.7.09) Ein ny svensk språklov slår fast at svensk språk skal vera hovudspråk i Sverige. Språket skal vera tilgjengeleg for alle som bur i landet, og dei skal kunna bruka språket på alle samfunnsområde. Myndigheitene vil få eit særleg ansvar for å sjå til at språket blir brukt og vidareutvikla.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Mange av tiltaka i den nye svenske språkloven minner om tiltak som nyleg blei vedtekne i stortingsmeldinga Mål og meining. Svenskane vil også styrkja stillinga til minoritetsspråka og teiknspråk i framtida. Også dei er opptekne av at språk som kjem frå det offentlege, er klårt og enkelt. Dessutan slår loven fast at alle som bur i landet, har rett til å læra seg svensk. For dei som har eit anna morsmål enn svensk, skal retten til å utvikla og bruka morsmålet sitt styrkjast.

På nettstaden til det svenske Språkrådet kan du lesa meir om bakgrunnen for og innhaldet i den nye loven: http://www.sprakradet.se/1872

Eit utdrag av forslaget til den nye språkloven Språk för alla med lenkje til heile lovteksten finn du her: https://www.regeringen.se/rattsliga-dokument/proposition/2009/03/prop.-200809153/.

Her kan du lesa meir om stortingsmeldinga Mål og meining:

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.06.2009 | Oppdatert:19.11.2021