Stortinget ber om endring i stadnamnlova

(19.1.09) «Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endring i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn, således at endring av bruksnavn ikke kan skje uten grunneiers samtykke.»

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Eit samrøystes storting har no slutta seg til dette forslaget frå stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker og Olemic Thommessen (representantforslag nr. 58 (2007–2008)).

I innstillinga om saka seier familie- og kulturkomiteen på Stortinget at sjølv om stadnamn er viktige kulturminne, stiller komitémedlemmene spørsmål ved om kulturminneomsynet er truga dersom ein tillèt at skrivemåten av gards- og bruksnamn kan fråvike normert norsk og variere innanfor same geografiske område. Komiteen meiner derfor at det bør greiast ut ei endring av lova slik at kravet om at skrivemåten av stadnamn skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp, ikkje skal gjelde sjølve gards- og bruksnamnet, og at kravet om einsarta skrivemåte i ulike funksjonar skal opphevast. Komiteen meiner at synspunkta til grunneigarane skal tilleggjast særskild vekt, og at dette vil balansere kulturminnevernet og interessene til grunneigarane på ein betre måte enn praktiseringa av dagens lovverk gjer.

Komiteen ser det vidare som nødvendig å endre samansetjinga av klagenemnda for stadnamnsaker for å sikre større legitimitet ved behandlinga av klagesaker.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.01.2009 | Oppdatert:19.11.2021