Statsborgarbrev kjem endeleg på nynorsk

(2.12.09) Utlendingsdirektoratet (UDI) har fram til no berre laga statsborgarbrev på bokmål, men skal no lage slike brev også på nynorsk. Det skjer etter at Stephen, Agnes og Edmund Walton og Språkrådet tok opp saka.

Alle nye statsborgarar får statsborgarbrev. Då Stephen, Agnes og Edmund Walton søkte om statsborgarskap på nynorsk, venta dei å få både vedtak og statsborgarbrev på denne målforma, slik dei har rett til etter mållova.

UDI svara at statsborgarbrevet berre var tilgjengeleg på bokmål fordi det ville vere dyrt å produsere dette brevet på begge målformer. Då Språkrådet skreiv til UDI på vegner av Walton-familien, snudde UDI i saka.

– No gler vi oss til å få statsborgarbrev på rett målform, seier Stephen Walton.

I eit brev opplyser UDI at statsborgarbreva frå no av skal finnast både på nynorsk og bokmål.

Stephen Walton, som er forfattar og professor i nynorsk skriftkultur, fekk i november Språkprisen 2009 på konferansen Språkdagen for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa. I takketalen tok Walton opp saka om statsborgarbrevet.

Sjå opptak av talen her: http://www.youtube.com/Sprakradet#p/u/1/vF0f-9vghTA

Kontaktperson:
Sigfrid Tvitekkja, fagkoordinator i Språkrådet, tlf. 22 54 19 66

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter