Språkrådet takkar den avtroppande NHO-leiaren

(18.9.09) – Finn Bergesen jr. er ein god ambassadør for språkleg kvalitet i næringslivet. Han har vore ein viktig alliert for oss, seier Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Under ei mottaking for den avtroppande NHO-leiaren fredag fekk Bergesen med seg desse orda frå Lomheim:

«Når Finn Bergesen jr. no sluttar som direktør i NHO, er det all grunn til å trekkja fram den rolla han har spela som alliert for Språkrådet dei siste par-tre åra. Han har ved  nokre høve streka under at sjølv om næringslivet i prinsippet står utanfor verkeområdet til statens språkpolitikk, betyr ikkje det at næringslivet ikkje bør ta språkleg ansvar eller  interessera seg for språkleg kvalitet.

I eit foredrag på den første Språkdagen, hausten 2007, bidrog han til å gjera kjent utrykket ’Norsk når du kan , engelsk når du må!’ Då han siste sommar presenterte NHOs språkplakat for næringslivet, var det dette som var overskrifta på plakaten.

Ikkje uventa er det ei veksande gruppe av verksemder i landet vårt som må bruka engelsk i kvardagen. Det er både sjølvsagt og naturleg. Poenget på totusentalet må vera å oppretthalda kvaliteten og bruken av norsk i vårt eige heimemiljø, samstundes som me er dyktigast mogeleg i engelsk og andre framandspråk når me vender oss til ikkjenorske.

Språkleg kvalitet i næringslivet har å gjera med kulturelt samfunnsansvar, men det har like mykje å gjera med vår konkurranseevne som nasjon i ei globalisert verd. Eit velfungerande morsmål lønner seg, rett og slett. Dette synet har Finn Bergesen jr. vore ein god ambassadør for, og Språkrådet har sett pris på å ha han som alliert i den nye språkpolitikken.»

Språkrådets direktør Sylfest Lomheim og NHOs toppsjef Finn Bergesen jr.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.09.2009 | Oppdatert:19.11.2021