Skulestart: Bruk godkjende ordlister og ordbøker!

(17.8.09) Kunnskap om rettskriving er viktig på alle steg i skulen. Etter opplæringslova har Språkrådet ansvar for å godkjenne ordlister til skulebruk. Lista over godkjende ordlister og ordbøker med offisiell rettskriving står på nettsidene til Språkrådet.

Det kom ei større rettskrivingsreform for bokmål i 2005 og nokre mindre endringar for nynorsk samtidig. Det finst mange ordlister og ordbøker som er oppdaterte med gjeldande rettskriving.

Her finn du lista: http://www.sprakradet.no/Sprakhjelp/Rettskriving_Ordboeker/Ordlister-til-skulebruk/  

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter