Ny utgåve av fri norsk stavekontroll

(15.4.09) Den nye stavekontrollen inneheld fleire ord, synonymordlister og nokre forkortingar. Stavekontrollen finst for begge målformer.

Stavekontrollpakken og synonymordlistene kan brukast i OpenOffice.org, Koffice, Mozilla Thunderbird, Firefox og fleire andre program, både på Windows, Mac, Linux og BSD.

Alt blir utgitt under den frie lisensen GPL og kan fritt lastast ned frå nettet. Ferdige pakkar for OpenOffice.org er også tilgjengelege frå same staden.

Det frie norske stavekontrollprosjektet for bokmål og nynorsk har hatt stor nytte av at Norsk ordbank frigav ordlistene sine i fjor.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter