Ny terminologiteneste i Språkrådet

(16.9.09) Språkrådet etablerer i haust ei ny terminologiteneste som skal ta initiativ til og samordne utvikling av terminologi og fagspråk på norsk. Tre stillingar utgjer tenesta, to av dei er nye i haust.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Tenesta blir etablert som eit resultat av St.meld. nr. 35 (2007–2008) «Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk» som vart behandla i Stortinget i vår.

Terminologitenesta skal

  • ta initiativ, leggje til rette og samordne innanfor arbeid med norsk terminologi og fagspråk
  • vere aktiv pådrivar for det forskings- og utviklingsarbeidet som skjer i desentraliserte institutt- og fagmiljø
  • koordinere det praktiske terminologiarbeidet som blir gjort i privat og offentleg sektor i dag
  • assistere faglege miljø på området, og hjelpe til med å utvikle termbaseprosjekt forankra i høgare utdanning og i andre miljø
  • byggje utoverretta alliansar for å skape større breidd i interessa og ansvaret for terminologi og fagspråk
  • svare på spørsmål om fagspråk frå publikum og ha særleg ansvar for å gje råd til offentleg forvaltning i terminologispørsmål

Naudsynt for god fagleg kommunikasjon
I stortingsmeldinga blir det m.a. sagt at arbeidet med utvikling av norsk fagterminologi ligg mykje på etterskot. I mange samanhengar manglar norske termar, i andre har ikkje brukarane kjennskap eller tilgang til norske termar som finst. Utfordringa er difor «både å utvikla nye norske termar som får brei aksept i dei respektive fagmiljøa, og å gjera eksisterande og nye termar tilgjengelege på ein slik måte at dei også blir tekne i bruk i alle aktuelle samanhengar.»

Ein godt utvikla fagterminologi er ifølgje meldinga ein føresetnad for god fagleg kommunikasjon i Noreg. Dessutan er fagterminologi ei av dei viktigaste kjeldene for fornying av det allmenne ordforrådet vårt. Terminologiarbeid er også språk- og kulturforsvar og eit vilkår for effektiv kommunikasjon over språkgrenser.

Eige fagråd i Språkrådet
Rådet for teknisk terminologi (RTT) arbeidde med å gjere norsk terminologi tilgjengeleg fram til 2001, då institusjonen vart lagd ned. Sidan den tid har Språkrådet ved alle høve peikt på at arbeid med norsk fagspråk er særs viktig for at norsk språk skal kunne haldast oppe som eit fullverdig og samfunnsberande språk på alle område. Språkrådet har i mange år arbeidd med terminologi og fagspråk så langt ressursane har strokke til. Frå 2007 er terminologi og fagspråk arbeidsfeltet til eit av dei fire fagråda som styret i Språkrådet har oppnemnt i samsvar med dei nye vedtektene for institusjonen.

Ifølgje stortingsmeldinga er den mest påtrengjande oppgåva på området å få på plass eit organisatorisk apparat som kan vareta funksjonen som overordna samordningsorgan for terminologiutviklinga her i landet. Kulturdepartementet meiner at det er mest naturleg å gje Språkrådet funksjonen som organ for utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi. Dette er i dag meir formålstenleg enn å byggje opp eit nytt organ frå grunnen av. Departementet legg difor opp til å tilføre Språkrådet auka ressursar, slik at institusjonen blir i stand til å ta på seg rolla som nasjonalt terminologi- og fagspråkorgan.

Den nye terminologitenesta vil ikkje vere fullt operativ før i 2010. Det er likevel mogleg å ta kontakt alt no i haust, på telefon eller til e-postadressa term@sprakradet.no.

Kontaktperson:
Jan Hoel, rådgjevar i Språkrådet, tlf. 22 54 19 59

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:17.09.2009 | Oppdatert:19.11.2021