NHO og Språkrådet lanserer språkplakat for næringslivet

(13.7.09) «Bruk norsk når du kan, og engelsk når du må» er parolen i språkplakaten for næringslivet som Næringslivets Hovedorganisasjon og Språkrådet har laga i fellesskap. Plakaten vert gjord kjend for alle medlemsbedriftene i NHO.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Sylfest Lomheim og Finn Bergesen jr.«Presisjon er viktig i næringslivet. Vi er alltid meir presise på morsmålet», heiter det i plakaten Språkvett for næringslivet.

Målet for samarbeidet mellom NHO og Språkrådet er at næringsdrivande skal verte bevisste på å bruke norsk i alle samanhengar der det er mogleg. I plakaten vert bedriftene rådde til å lage reklame på norsk, ikkje på engelsk, når dei vender seg til norske kundar. Dei vert òg oppmoda til å bruke norsk i stillingsannonsar som er retta mot eit norsktalande publikum.

– Det handlar om å ha eit medvite forhold til det norske språket. Dette er ein haldningsplakat. Dessutan viser det seg at dess betre du meistrar ditt eige språk, dess betre meistrar du òg framandspråk, seier Finn Bergesen jr., administrerande direktør i NHO.

– Norske bedrifter har eigeninteresse av å bruke morsmålet, sidan det oftast gjev meir presis kommunikasjon internt og eksternt. Språkleg kvalitet og presis kommunikasjon er ein fordel for alle som skal konkurrere i ein marknad, seier Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet.

Meir om språkvett for næringslivet finn du til høgre. Her kan du også laste ned plakaten.

Logo NHOKontaktpersonar:

Kåre Verpe, informasjonsdirektør i NHO, tlf. 918 89 161

Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.08.2009 | Oppdatert:19.11.2021