Haldningsundersøking om språkbruk i NRK
(31.8.09) Språkrådet og NRK har finansiert ei undersøking som tek for seg kva folk meiner om dialekt, bokmål, nynorsk og utanlandsk aksent i NRK. Her finn du resultata og omtale av undersøkinga.
Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.
– Det er verdt å merkja seg at kvinner er meir opne for både dialektbruk og aksent i NRK enn menn, samstundes som det ikkje synest vera geografiske skilnader når det gjeld synet på språkbruk i NRK, seier Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet.
Undersøkinga er gjord av TNS Gallup på oppdrag av NRK Forskningen, Språkutvalet i NRK og Språkrådet. Førsteamanuensis Lars Anders Kulbrandstad ved Høgskolen i Hedmark har hatt det faglege ansvaret for opplegget i undersøkinga.
Eit landsrepresentativt utval har fått spørsmål om bruk av dialekt, bokmål, nynorsk og norsk med utanlandsk aksent i riksdekkjande kanalar og i distriktssendingar.
Undersøkinga blir presentert på seminaret «Mangfald i NRK – enklare sagt enn gjort» i Førde 1.9.2009.
Kontaktperson i Språkrådet er direktør Sylfest Lomheim, tlf. 957 92 783.
- Last ned rapporten frå undersøkinga (pdf) Last ned eit notat om funna i undersøkinga av Lars Anders Kulbrandstad (pdf)