Store og små bokstavar i «iPod»

(9.5.08) Nettstaden hardware.no publiserte 6. mai ein artikkel der det blir hevda at norske skrivereglar krev at eigennamn (særnamn) skal ha stor forbokstav og elles små bokstavar.

Nettstaden har sett seg lei på kreative merkevarenamn som iPod, GForce og PlayStation og erklærer at han heretter blant anna vil bruke skrivemåten Ipod for namnet på Apples musikkavspelar, som føyer seg inn i namneserien iTunes, iMac, iPhone, som produsenten har valt bevisst.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at nettstaden reagerer på regelstridig skrivemåte av merkevarenamn. Likevel må vi seie oss usamde i konklusjonen. Alle merkevarenamn er namn og dermed eigennamn. Både på engelsk og norsk er regelen at dei skal skrivast med stor forbokstav. Om nokon likevel vel eit namn med liten forbokstav og andre raritetar i skrivemåten, bør andre nytte same skrivemåte. Det dreier seg om respekt for beskytta varemerke og – kanskje ikkje minst – for andres namneval. Ein kan ikkje endre namnet på organisasjonen 4H Norge til Fireh Norge fordi ein ikkje liker skrivemåten.

Iblant går merkevarenamn over til å bli allmennord. Eksempel på det er pc, radar, walkman, frisbee, nylon, jeans og ein del andre. Ein slik overgang kan ikkje avgjerast av ein enkelt marknadsaktør, men skjer blant språkbrukarane etter kvart som eit merkenamn blir allmenngjort og begynner å bli brukt om ein heil produkttype uansett produsent. Overgangen føreset nok dessutan at eigaren av det aktuelle merkevarenamnet ikkje har innvendingar mot at namnet blir allmenngjort.

Når det gjeld iPod, er namnet etter vår meining ikkje gått over til å vere ei slik felles nemning på alle små musikkavspelarar, sjølv om ein stor del av namnet utgjer utgangspunktet for ordet podcast. Vi trur heller ikkje at det vil skje ei allmenngjering i dette tilfellet, for Apples avspelar er spesiell på den måten at det berre er den som kan nytte audioformatet for musikken på nettstaden til produsenten, iTunes Store.

Les artikkelen på hardware.no: http://www.hardware.no/artikler/naar_ipod_faar_stor_i/51389.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter