Vil du delta på Språkdagen 2008?
(28.10.08) Er norskundervisninga i skolen for alle i skolen, utan omsyn til bakgrunn? Offentlege skjema – forstår alle kva som står der? Kven får Språkprisen for 2008? Språkdagen går av stabelen 13. november i Operaen.
Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.
Me kjem til å kasta lys over temaet «Norsk for alle?» gjennom innlegg, panelordskifte, film og musikk.
Programmet er todelt. Den første delen omhandlar norskundervisninga i skolen i dag. I den andre delen ser me på språkbruk i offentlege skjema og rettleiingar: Er informasjonen frå det offentlege forståeleg for alle?
Det er avgrensa plass, og difor ber me om påmelding innan 30. oktober på tlf. 22 54 19 50 eller på post@sprakradet.no.
Arrangementet er gratis.
Foto: Damir Cvetojevic