Statsorgana skal rapportere om veksling mellom nynorsk og bokmål

(02.12.08) Språkrådet sender i desse dagar ut brev til rundt 160 sentrale statsorgan som har plikt til å rapportere om korleis dei oppfyller krava i mållova.

Språkrådet har hatt tilsyn med statsorgana sidan 1994 og ber om rapport frå statsorgana ein gong i året. Statsorgana rapporterer om den prosentvise fordelinga av nynorsk og bokmål i informasjonstilfang på nett og papir. Hovudregelen som statsorgana skal etterleve, er at ingen av målformene skal vere representerte med mindre enn 25 % i til dømes informasjonstilfang på nett og papir som går ut til publikum, og som statsorganet sjølv lagar i offentleg forvaltningssamanheng. Skjema skal finnast på begge målformer.

31. januar 2009 er fristen for å rapportere om det stoffet statsorgana laga og hadde i bruk i 2008 (mellom anna brosjyrar, årsmeldingar, pressemeldingar, skjema og redaksjonelt stoff på nettsidene).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter