Står norsk språk «fjellstøtt»?

(30.5.08) Språk døyr rundt om i verda – mellom tjue og tretti i året. Utan stans, skriv språkdirektør Sylfest Lomheim i ein kronikk om bakgrunnen for norsk språkpolitikk på totusentalet.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Det finst om lag 6 000 språk. Tek me talet på menneske (vel 6 milliardar) og reknar ut gjennomsnittsspråket, får me ein million – mykje mindre enn norsk. Men røyndommen syner ein dramatisk ubalanse: Ei gruppe på ti-femten språk, med engelsk, kinesisk og spansk i spissen, har festa grepet om jorda, medan det store fleirtalet av språk er små eller svært små. Dei tre hundre største språka (der norsk glatt er med!) blir snakka av 95 prosent av alle menneske. Internasjonale språkforskarar reknar nøkternt at om hundre år er halvparten av dagens språk borte. Aldri før i historia har det gått føre seg ein slik språkdød i stor skala.

Trugsmål
Dette er den globale bakgrunnen for norsk språkpolitikk på totusentalet. Faktisk er det klare parallellar mellom aukande klimatrussel og aukande språkdød. Begge delar er vanskeleg å fatta som trugsmål, med mindre ein tenkjer i perspektiv.

Men det er éin svært vesentleg skilnad når det gjeld klima og språk – klimaet er ei fellessak som fleire og fleire politikarar på jorda er opptekne av, språk (til dømes det norske) bryr derimot færre seg om. Vil me ta vare på språket vårt, må me gjera den jobben sjølv.

Men er norsk språk truga? Det finst filologar som slår fast: Norsken står «fjellstøtt» (Aftenposten 28.05.). Dei har rett – i dag. Men korleis er det om femti år, eller hundre og femti år? Tilstanden då kan ha vorte dramatisk forverra.

Kvifor? For tjue år sidan var engelsk som undervisningsspråk eit særsyn på norske universitet. I dag er det kurant at undervisninga går føre seg på engelsk, trass i det faktum at 95 prosent av studentane kjem til å søkja arbeid i Noreg. Ei undersøking frå 2005 viste at 20 prosent av alle nordmenn kan tenkja seg språkskifte – til engelsk. I 1986 var ni prosent av hovudoppgåvene (master) skrivne på engelsk/framandspråk, i 2006 er talet 33 prosent.

Engelsk
På åttitalet var norsk administrasjonsspråket i næringslivet, i dag nyttar store norske konsern engelsk. Stillingsannonsar i avisene står på engelsk, endå dei er mynta på nordmenn. Kort sagt: Me er på full fart inn i ein ny språksituasjon. Situasjonen kan stabilisera seg om ei tid. Det er mogeleg. Men det er også mogeleg at det me ser no, er starten på slutten.

Og dette er ikkje typisk norsk. Språkdebatten går i heile Europa: Sverige, Danmark, Tyskland, Polen, Tsjekkia, Italia, Frankrike.

I Sverige og Danmark førebur dei lov og regjeringstiltak som skal sikra bruken av høvesvis svensk og dansk. I Sverige slår SOU 2008:26 fast at «svenska språkets ställning är altså inte längre självklar». Danmark påstår at deira «sprog (er) på spil».

Politikk?
Året 2008 blir eit viktig språkpolitisk år. Regjeringa kjem i desse tider med to språkmeldingar. Det Stortinget kjem til å vedta i 2008/2009, vil få mykje å seia for korleis norsk har det i 2050, og det vil påverka situasjonen i 2100.

Eitt spørsmål må stillast: Er det strategisk framtidsretta å slåst for å ivareta eit fullverdig norsk? Dreier ikkje språk seg mykje om kultur og lite om økonomi? Dette spørsmålet må stillast fordi det berre finst to utgangar på dagens situasjon. Anten let me (den engelske) humla susa, og då går det raskt nedover. Eller så bestemmer me oss for å prøva å ta vare på norsk skriftspråk i Noreg. Då trengst det politikk. «Politik är att vilja» (Olof Palme).

Dersom Stortinget vel det sistnemnde alternativet, bør dei ikkje gjera det berre av kulturelle omsyn, men i vissa om at dei òg gjer det fordi dei ønskjer landet skal vera med i den globale A-klassa.

Norsk lønner seg
Land som i neste generasjon med opne auge let seg gli inn i ein ikkje heilt funksjonell einspråkleg engelsk tilstand, kjem til å oppleva at dei har hamna på eit B-lag. Slike samfunn blir ikkje fullt konkurransedyktige – i alle fall ikkje på svært lang tid. Land som derimot set seg som mål å vera funksjonelle i morsmålet og samstundes så gode som råd i verdsspråket engelsk (og andre språk), blir dei konkurransesterke. Så lenge engelsk ikkje er einaste språket på jorda, er det nemleg ein føremon å vera blant samfunn som er tospråklege eller fleirspråklege. I dei neste hundre åra kjem det til å vera synd på dei som berre er, eller er i ferd med å bli, einspråklege (engelsk). Den tilstanden inneber ingen fordelar.

Nordisk språkforståing
Våre styrande synest ikkje å ha fanga poenget. Då dei nordiske statsministrane møttest i april ved Riksgränsen og drøfta «et konkurransekraftig Norden i en globalisert verden», tyder ingen ting i rapportane på at dei var innom språk i diskusjonen om framtidig konkurranseevne. Endå dei same nordiske statsministrane garantert har ambisjonar om å vera på det internasjonale A-laget.

Framtidig suksess for oss – økonomisk og kulturelt – vil vera å halda oppe maksimal nordisk språkforståing (arbeids- og næringsintegrering), med funksjonelle skriftspråk, til felles beste.

Meiner me dette, må me jobba knallhardt politisk. Så får heller «annerledes-filologane» hevda at det ikkje er fare for framtida til norsken. Det praktiske livet har lært oss andre at det ikkje er lurt å overlata til optimistiske ingeniørar å byggja bruer som skal stå.

Av Sylfest Lomheim

(Jf. kronikken i VG 30.5.2008)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.06.2008 | Oppdatert:19.11.2021