Språkressursane sikra for 2008

(29.2.08) Språkressursane som vart kjøpte frå buet etter Nordisk Språkteknologi (NST) på Voss, er sikra for 2008. Prosjektet vert leidd av Språkrådet.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Dei fem eigarane (Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, NTNU, Språkrådet og IBM) vil saman dekkja kostnadene dette året for å ta vare på språkressursane som vart kjøpte frå buet etter Nordisk Språkteknologi (NST) på Voss. Ressursane består av tekst, tale og leksikon knytte til taledata som var lagde til rette for utvikling av språkteknologi.

Språkressursane etter NST er no lagra og sikra. Eigarane håper at det snart kjem eit politisk vedtak som gjer at ein kan starta arbeidet med å realisera heile språkbanken. Året 2008 vil verta brukt til å avklara eigeform, forma ut avtalar endeleg, vidareformidla språkressursane (om mogleg) og kartleggja kva for språkressursar som trengst først. Rapporten Samling og tilgjengeleggjering av norske språkteknologiressursar frå 2002 vil verta oppdatert.

Alt no er det i gang prosjekt som vil krevja tilgang til dei språkressursane som er sikra. Dette gjeld SMUDI-prosjektet, som er ein del av Forskingsrådets store ikt-program VERDIKT. Planane for å sluttføra arbeidet med talesyntesestemma «Henrik» for stemmelause er baserte på tilgang til dei same språkressursane. Medietilsynet har ansvar for eit prosjekt der ein skal sjå nærare på automatisk teksting av TV-program, og dette prosjektet vil etter kvart også krevja tilgang til språkressursane som no er kjøpte.

Les meir om Språkbanken og tilgrensande prosjekt:

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.02.2008 | Oppdatert:19.11.2021