Språkrådet kritiserer Høgskolen i Oslo

(17.4.08) Studentar har rett til å få eksamensoppgåver på si eiga målform. Språkrådet reagerer difor skarpt på at Høgskolen i Oslo har bede ein student om å seie frå seg retten til å få eksamenoppgåva på nynorsk.

 

– Det er sjeldan at Språkrådet ser så klar dokumentasjon på at ein utdanningsinstitusjon tek lett på dei språklege rettane til studentane, seier fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja i Språkrådet (biletet).

Sigfrid Tvitekkja

Forskrifta om målform i eksamensoppgåver seier at eksamensoppgåver i andre fag enn norsk (gjeve på norsk språk) skal finnast på begge målformer. Lærestaden skal skaffe seg oversikt over kva målform studentane ønskjer til eksamen. Studentane gjev melding om språkønske ved bindande oppmelding til eksamen. Ingeniørstudent Øystein Fjæra bad om å få ei eksamensoppgåve på nynorsk. Høgskulen svarte at det ville skape meirarbeid for skulen, og dei oppmoda han i ein e-post om å trekkje ønsket sitt.

Etter at Språkrådet tok opp saka, har høgskulen snudd og vil no likevel lage eksamensoppgåva også på nynorsk.

Språkrådet kjenner til liknande saker ved andre institusjonar, men veit ikkje kor utbreidd ein slik praksis er.

Les meir om saka i Dagsavisen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter