Språkdagen 2008 – «Norsk for alle?»

(3.7.08) Språkrådet byr på eit variert program på språkdagen, som går av stabelen 13. november i Operaen. Me kjem til å kasta lys over temaet «Norsk for alle?» gjennom innlegg, panelordskifte, film og musikk.

Programmet er todelt. Den første delen omhandlar norskundervisninga i skolen i dag. I den andre delen ser me på språkbruk i offentlege skjema og rettleiingar: Er informasjonen frå det offentlege forståeleg for alle?

Me avsluttar dagen med utdelinga av Språkprisen.

Program og informasjon om påmelding vert lagde ut i haust.

Språkdagen 2007

Foto: Damir Cvetojevic

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter