Splitter nytt Språknytt

(9.10.08) Språkrådets blad for språkinteresserte kjem no med ny utsjånad og nye typar innhald. Les om språksensur av lesarinnlegg i aviser, haldningar til engelsk i reklame blant unge, styreleiaren i Språkrådet og om norskundervisninga i skolen.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Forsidebilete Språknytt 3/2008Det nyaste nummeret av Språknytt byr på nytt format, ny grafisk utforming og nytt innhald. Bladet har fått ny utsjånad i tråd med den grafiske profilen til Språkrådet. Innhaldet i bladet blir frå no av organisert i to seksjonar. Den første seksjonen tek for seg aktuelle språkspørsmål og har eit intervju med ein språkengasjert person. Den andre seksjonen går djupare inn i ulike språklige emne.

Språknytt får også nye faste spalter. Blant anna kjem ein gjesteskribent med ei tekst om røynslene sine som språkbrukar.

Språknytt nr. 3/2008 byr på blant anna artiklar om språksensur av lesarinnlegg i norske aviser, haldningar til engelsk i reklame blant unge i Trondheim og eit intervju med styreleiaren i Språkrådet, Ida Berntsen. Shabana Rehman, som er konferansier på Språkdagen 2008, skriv om norskundervisninga i skolen.

– Med Språknytt ønskjer Språkrådet å stimulere språkinteressa og skape medvit om viktige språkspørsmål i vår tid. Vi vonar at omlegginga vil gjere Språknytt endå mer interessant for lesarane, seier Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet.

Språknytt kjem ut fire gonger i året. Abonnementet er gratis.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.10.2008 | Oppdatert:19.11.2021