Kunnskapsdepartementet tek til orde for å gje Språkrådet overordna ansvar for språkopplæring

(23.5.08) Kunnskapsdepartementet la i dag fram stortingsmeldinga «Språk bygger broer. Språkopplæring og språkstimulering for barn, unge og voksne». Der tek Kunnskapsdepartementet til orde for at mandatet til Språkrådet skal utvidast.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Kunnskapsdepartementet meiner det er behov for eit nasjonalt fagorgan som har ansvar for å sjå «alle språkpolitiske spørsmål i sammenheng, herunder overordnede spørsmål som gjelder språkopplæring i et samfunn preget av et stadig større språklig mangfold. Dette gjelder altså alle de språk som det gis opplæring i etter læreplaner fastsatt av Kunnskapsdepartementet».

No vil Kunnskapsdepartementet samarbeide med Kultur- og kyrkjedepartementet, fagdepartementet til Språkrådet, om korleis ei slik oppgåve skal organiserast, og korleis dette skal passe inn i dei andre arbeidsoppgåvene til Språkrådet. Kultur- og kyrkjedepartementet kjem til å behandle spørsmålet nærmare i ei stortingsmelding om språk seinare i år.

Stortingsmeldinga «Språk bygger broer»: http://www.regjeringen.no/nn/dep/kd/Dokument/Proposisjonar-og-meldingar/Stortingsmeldingar/2007-2008/stmeld-nr-23-2007-2008-.html?id=512449

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.05.2008 | Oppdatert:19.11.2021