– På tide med tilpassa ordbøker for barn

(6.5.08) Elevar i Noreg er svake i lesing samanlikna med elevar i andre europeiske land, viser PISA-undersøkingane. – Det trengst ei offentleg satsing på nye hjelpemiddel i norskopplæringa. Norske barn bør få eigne ordbøker, slik svenske, danske og islandske barn har, seier Sigfrid Tvitekkja (biletet), fagkoordinator i Språkrådet.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

 

I eit brev til Kunnskapsdepartementet (KD) inviterer Språkrådet til samarbeid om å undersøkje korleis ordbøker kan fungere språkstimulerande for fleire elevgrupper og i fleire fag i skolen.

Både Språkrådet, forlaga, redaktørar og skolen har i stigande grad vorte klare over at det trengst betre hjelpemiddel i norskopplæringa. Resultata frå PISA-undersøkingane aktualiserer dette endå meir.

I grannelanda våre (Island, Sverige, Danmark) og i land som Frankrike og England finst det ordbøker for barn og ungdom spesielt laga slik at dei kan utvikle ordforståinga og ordkunnskapen.

Les brevet frå Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.05.2008 | Oppdatert:19.11.2021