Ny Nordterm-rapport

(8.7.08) «Kunnskap og fagkommunikasjon» var temaet for Nordterm-konferansen i fjor. No er rapporten frå konferansen komen.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Forside på Nordterm-rapportenNORDTERM 15: Nordterm 2007 – Kunnskap og fagkommunikasjon.
Rapport fra Nordterm 2007. Bergen, Norge, 13.–16. juni 2007.
Redigert av Jan Hoel, Språkrådet. 2008. 308 s.
ISBN 978-82-997266-2-7, ISSN 1100-9659

Nordterm 2007 vart arrangert ved Noregs handelshøgskole i Bergen 13. –16. juni 2007 av Språkrådet i Noreg, Handelshøgskolen, Universitetet i Bergen og forskingsavdelinga Aksis Unifob ved same universitetet.

Første dagen vart brukt til kurset Terminology for translators, med medverknad av vitskapleg assistent Koen Kerremans (Centrum voor Vaktaal en Communicatie, Brussel), professor emeritus Heribert Picht og professor Bodil Nistrup Madsen (begge Handelshøjskolen i København, CBS).

Dei tre følgjande dagane var det konferanse med plenums- og seksjonsinnlegg rundt det vide temaet kunnskap og fagkommunikasjon og møte i styringsgruppa og arbeidsgruppene. Det faglege programmet vart avslutta med Nordtermforsamlinga den siste dagen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.07.2008 | Oppdatert:19.11.2021