Kjartan Fløgstad og Anders Johansen får Språkprisen 2008

(13.11.08) Kjartan Fløgstad og Anders Johansen får i dag Språkprisen, som er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Vinnarane får 50 000 kroner, eit kopartrykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar. Språkprisen vert delt ut på konferansen Språkdagen 2008.

Konferansen går av stabelen i Operaen i Oslo, og Ida Berntsen, styreleiar i Språkrådet, deler ut prisen.

Forfattar Kjartan Fløgstad får prisen for bruk av nynorsk i sakprosa. Anders Johansen, forfattar og professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen, får prisen for bruk av bokmål i sakprosa.

PrisvinnaraneJuryen skriv dette om prisvinnarane:

«Vinnarane av Språkprisen 2008 har somt felles, men dei er også svært ulike. Den eine er vestlending, busett på Austlandet og skriv nynorsk. Den andre er austlending, busett på Vestlandet og skriv bokmål. Begge spenner vidt med tekstane sine, frå polemikk til reflektert ettertanke og analyse. Begge har i skrift sett vesentlege spørsmål på dagsordenen i norsk offentlegheit. Begge er særmerkte stemmer i norsk sakprosa.

Den nynorske prisvinnaren har dei siste fem åra mellom anna skrive tekstar om arkitektur, språkhistorie, hotell og kolonisering. Men – same kva tema han skriv om – gjennom tekstane hans høyrer vi ei skriftstemme som femner heile det nynorske språket – frå folkelege ordspel til akademisk refleksjon. I prisvinnarens prosa er små og store forteljingar vovne saman i eit mangfelt språkspel, i spennet mellom poesi og polemisk analyse. Ikkje noko språkleg er framandt for denne skrivaren! Prisvinnaren utfordrar og fører vidare tradisjonar frå mange språklege kjelder. I nynorsk sakprosa har han lenge hatt ein svært sentral plass.

Vinnar av Språkprisen 2008 for sakprosa på nynorsk er Kjartan Fløgstad.

Vinnaren av bokmålsprisen har dei fem siste åra levert viktige bidrag til norsk sakprosa, gjennom bøker og artiklar som fremjar refleksjon om skriftliv, talekunst og kulturanalyse. Tekstane hans uttrykkjer eit sterkt samfunnsengasjement. Han skriv med omsorg for uttrykket, fordi å skrive er å tenkje: «De språklige formene er tankens former ... (Å) skrive er å tenke på en særlig anstrengende måte». Vinnaren av bokmålsprisen er ein retorisk medviten forfattar, open mot lesaren, ein framifrå representant for den samfunnsengasjerte akademikaren som nyttar eit breitt register av språklege ressursar for å fremje den viktige offentlege samtalen: «Virkeligheten henger i samtalens tynne tråd».

Vinnar av Språkprisen 2008 for sakprosa på bokmål er Anders Johansen.

Ove Eide, Karianne Bjellås Gilje, Unn Røyneland og Espen Søbye sit i juryen for Språkprisen.

Kontaktpersonar:

  • Ove Eide, juryleiar for Språkprisen, tlf. 415 30 633
  • Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter