Ingen revisjon av nynorsk førebels

(5.3.08) Kultur- og kyrkjedepartementet sa i eit brev til styret i Språkrådet den 22. februar 2008 at det er naturleg å behandle spørsmål som gjeld revisjon av nynorsk rettskriving, i stortingsmeldinga om ein samla språkpolitikk.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

 
Denne språkmeldinga skal etter planen leggjast fram i april. Departementet finn det ikkje formålstenleg at Språkrådet allereie no nemner opp ei arbeidsgruppe som skal førebu revisjon av nynorskrettskrivinga. Dermed må Språkrådet vente til språkmeldinga er lagd fram og behandla i Stortinget.
 
Brevet var eit svar på brev frå Språkrådet den 19. desember 2007, der styret sa at det ville nemne opp ei arbeidsgruppe for revisjon av nynorskrettskrivinga på styremøtet i februar 2008.
 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.03.2008 | Oppdatert:19.11.2021