Det internasjonale språkåret 2008

(22.01.08) 2008 er FNs internasjonale språkår. Under slagordet «Språk tel!» vil FN gjennom Unesco auke interessa for språka i verda og fremje arbeidet med styrking av språk.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Det er rundt 7000 språk i verda. Meir enn halvparten av dei kan komme til å døy ut i løpet av nokre få generasjonar. Dei fleste språka er det svært få som talar. Rundt 96 % av språka blir tala av berre 4 % av folket i verda. Berre nokre hundretals språk har fått plass i utdanningssystemet og i det offentlege, og færre enn hundre språk er i bruk i den digitale verda.

Unesco støttar språkprosjekt og -tiltak av ulike slag. Dei som er interesserte i prosjektstønad, finn informasjonsmateriell og søknadsskjema her. Lenkja viser også til generell informasjon om FNs internasjonale språkår.  

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.01.2008 | Oppdatert:19.11.2021