– Fylkeskommunane må bruke marknadsmakt

(19.8.08) – Skuleeigarane må krevje av forlaga at dei kan levere skulebøker på begge målformer. I tillegg må Utdanningsdirektoratet skaffe seg oversikt over læreboksituasjonen langt tidlegare på året, seier Sigfrid Tvitekkja, fagkoordinator i Språkrådet.

Trass i nye tiltak som skulle sikre at nynorskelevar etter lova får lærebøkene sine til skulestart, gjentek problemet seg også i år: Ved mange skular er det berre bokmålselevane som får bøker, nynorskelevane må vente.

– Dette krenkjer dei språklege rettane til elevar som brukar nynorsk, seier Tvitekkja.

Utdanningsstyresmaktene for seint ute

Språkrådet meiner det er for seint å skaffe seg oversikt over situasjonen 29. august, som er fristen Utdanningsdirektoratet har sett for at kommunane og fylkeskommunane skal melde frå om dei får skulebøkene i tide.

– Viss det skal vere mogleg å setje i verk tiltak for å få bøkene på plass til skulestart, seier det seg sjølv at fristen ikkje kan setjast til slutten av august, seier Tvitekkja.

Kommunane må krevje bøker på både nynorsk og bokmål

Språkrådet ber utdanningsstyresmaktene lage ein standardtekst som kommunane og fylkeskommunane kan bruke når dei skal hente inn anbod på skulebøker frå forlaga. Forlag som ikkje kan levere bøker på begge målformer til skulestart, kan ikkje bli vurderte som leverandørar.

– Slik kan skuleeigarane bruke marknadsmakta si til å sikre at skulebøkene kjem i tide, på både bokmål og nynorsk, seier Tvitekkja.

Kontaktpersonar:

  • Sigfrid Tvitekkja, fagkoordinator i Språkrådet, tlf. 915 35 823
  • Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter