Pris til Nynorskordboka

(01.10.07) Redaktørane for Nynorskordboka, Dagfinn Worren, Anne Engø og Marit Hovdenak, fekk torsdag 27. september Ordbokprisen 2007.

Prisen blir delt ut av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Første utgåva av Nynorskordboka kom ut på Det Norske Samlaget i 1986; siste utgåva er frå 2006.

Boka har over 90 000 oppslagsord og er utarbeidd av Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo, i samarbeid med Språkrådet. Nynorskordboka ligg også på Internett. Ein kan søkje i ordboka mellom anna frå nettsidene til Språkrådet.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter