På veg mot ein norsk språkbank?

(03.12.07) Språkrådet har sidan tusenårsskiftet arbeidd for at det blir skipa ein norsk «språkbank» – ei større samling digitaliserte språkdata som kan brukast i språkteknologiske produkt og i forsking. I fjor vinter kjøpte Språkrådet, universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim og IBM Norge konkursbuet etter Nordisk Språkteknologi på Voss. Buet innheldt tekst, tale og ordsamlingar som var lagde til rette for utvikling av språkteknologi. I haust har dei fem eigarane danna eit interimsstyre mellom anna med sikte på at dette kan vere byrjinga på ein norsk språkbank.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.


Interimsstyret

Interimsstyret består av professor Hanne Gram Simonsen, Universitetet i Oslo, ass. universitetsdirektør Sverre Spildo, Universitetet i Bergen, prorektor Julie Feilberg, NTNU, direktør for forretningsutvikling Roar Fundingsrud, IBM Norge, og direktør Sylfest Lomheim, Språkrådet (leiar). Sekretær og kontaktperson er seniorrådgjevar Torbjørg Breivik, Språkrådet. 

Språkteknologi

Vanlege språkteknologiske produkt er program for stave- og grammatikk-kontroll, omsetjingsprogram, program for automatisk diktering og program for syntetisk tale.

Mange språkteknologiske produkt finst i dag berre på engelsk. Formålet med ein norsk språkbank er mellom anna at det skal bli enklare å utvikle norskspråklege versjonar av slike produkt.

Språkrådet har vidare lagt vekt på at bokmål og nynorsk må jamstellast, og at taleteknologien må ta omsyn til talemålsvariasjonen i Noreg.

Stortingsmelding om språk

Kultur- og kyrkjedepartementet skal i 2008 leggje fram ei stortingsmelding om språk. Det er venta at spørsmålet om ein norsk språkbank blir drøfta i meldinga.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.12.2007 | Oppdatert:19.11.2021