Styret i Språkrådet går inn for revisjon av nynorskrettskrivinga

(14.09.07) Under føresetnad av at Kultur- og kyrkjedepartementet godkjenner vedtaket, vedtok styret i Språkrådet 13. september å setja i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram nynorsknorm utan sideformer.


Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Vedtaket har denne ordlyden:

«Under føresetnad av godkjenning frå KKD gjer styret slikt vedtak:

1 På grunnlag av utgreiinga om nynorsknorm i 2003 set styret i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer. Denne nye norma skal vera eit tilbod til alle som ønskjer å skriva korrekt nynorsk, og ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innafor ei norm.

2 Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid.

3 Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma.

4 Fagrådet for normering og språkobservasjon, saman med sekretariatet, får i oppdrag å planleggja og å følgja opp prosessen, innafor dei retningslinjene som styret gjev. Fagrådet gjer framlegg om samansetjinga av den gruppa som skal stå for sjølve arbeidet. I denne gruppa kan det vera personar frå fagrådet, og det bør vera med ein nynorskrådgjevar frå sekretariatet. I gruppa skal det dessutan vera representantar frå målrørsla, forvaltninga, utdanningssektoren, forlagsbransjen og medieområdet. Fagrådet foreslår òg sekretær for gruppa.

5 Styret ber om forslag til arbeidsplan og framlegg om prosjektgruppe innan 15. desember i år.

6 Styret tek sikte på å gje endeleg tilråding våren 2009.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.09.2007 | Oppdatert:11.12.2014