Kultur- og kyrkjedepartementet ber Språkrådet venta med revisjon av nynorskrettskrivinga

(21.11.07) Styret i Språkrådet vedtok 13. september å setja i gang arbeid med å laga «ei tydeleg, enkel og stram nynorsknorm utan sideformer». Føresetnaden var at departementet godkjende styrevedtaket. I brev til Språkrådet 13. november ber Kultur- og kyrkjedepartementet Språkrådet om å venta med vidare arbeid i saka.


Departementet skriv:  

«Departementet tek sikte på å drøfta spørsmål som gjeld nynorskrettskrivinga i den komande språkmeldinga.

Det er derfor naturleg at Språkrådet ventar med vidare arbeid i denne saka til etter at meldinga er behandla i Stortinget.»

Stortingsmeldinga om språk skal etter planen leggjast fram i 2008.

 

 


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter