Mandat for fagråda

Vedtekne av interimsstyret i Språkrådet 13. juni 2006

1 Fagråd for samfunn og høgre utdanning

Mål: ta vare på  norsk som fullverdig bruksspråk i høgre utdanning og forsking, kulturliv, mediesektor, informasjonsteknologi og næringsliv

Fagrådet skal difor

- arbeida for at høgre utdanning og forsking etablerer undervisningsrutinar, forskingsfinansiering og formidlingspraksis som er slik at norsk blir teke vare på som akademisk bruksspråk
- arbeida for at det blir etablert ein norsk språkbank, som vil vera avgjerande for både forskingsutvikling, offentleg forvaltning og kvardagsteknologi
- påverka staten til å bruka marknadsmakta si når det gjeld avtalar og innkjøp av språkteknologi og annan informasjonsteknologi
- etablera gode kontaktlinjer til arbeidstakarorganisasjonane, til næringslivet og NHO og argumentera for at i ei globalisert verd kan tospråkssamfunn ha konkurransefortrinn framfor einspråkssamfunn
- samarbeida med andre kulturpolitiske instansar når det gjeld å oppretthalda ein variert norsk bokmarknad, og å verna om strategiske støtteordningar
- presentera krav om fagmessig behandling av norsk på film og i fjernsyn, ikkje minst i samband med teksting
- følgja med i programproduksjonen hos allmennkringkastarane slik at dei bidreg til å halda oppe respekten for norsk som bruksspråk
- støtta opp om utspel som krev at alle medieaktørar praktiserer redaksjonell språkleg fridom
- medverka til å setja i gang forskingsprosjekt om t.d. språkbruk og produktivitet i næringslivet
- oppmuntra næringslivet til å ta språkpolitisk ansvar og utarbeida køyrereglar for bruk av norsk og framandspråk
- påverka produsentar av programvare slik at det norskspråklege innhaldet blir teke alvorleg og har nødvendig kvalitet, særleg i produkt som har skuleungdom som målgruppe
- arbeida for at særleg viktige produkt eller installasjonar som gjeld kvardagen til dei fleste, har bruksrettleiingar på norsk

 

2 Fagråd for skule og offentleg forvaltning

Mål: sikra ei norskundervisning som er slik at ho frå barnehage og fram til avslutta allmenn-utdanning fører til styrking av morsmålet,  og fremja ei statleg norskrøkt som fører til tenleg språk i det offentlege

Fagrådet skal difor

- ta språkpolitiske initiativ andsynes utdanningssektoren
- påverka styresmakter og skuleplanleggjarar til å leggja vekt på utvikling av grunnleggjande haldningar som nøkkelen til å sikra framtida for norsk språk
- arbeida for at det blir lagt særleg vekt på norskspråkleg stimulering i barnehage og grunnskule
- sjå til at norskundervisninga er orientert mot kunnskapsbasert meistring og dugleik, men at ho òg er verdiorientert
- medverka til at bruken av norsk og engelsk blir oppfatta som komplementære og parallelle dugleikar, ikkje som ein destruktiv tvikamp mellom ein sterkare part og ein svakare part
- byggja alliansar med andre aktørar for å fremja viktige spørsmål i skule og stat
- gje innspel til det arbeidet med godt og klårt språk i staten som skjer i regi av Språkrådet
- sjå etter at  bruken av nynorsk og bokmål i det offentlege er i samsvar med lov og forskrifter
- følgja med i bruken av engelsk i statstenesta

 

3 Fagråd for normering og språkobservasjon

Mål: arbeida for at norma i bokmål og nynorsk blir halden i hevd og utvikla i samsvar med etablert normeringspraksis og stabile utviklingstendensar i språkbruken

Fagrådet skal difor

- følgja utviklinga av norsk skrift, bokmål og nynorsk, og norsk talemål slik at ein har jamleg tilgang til pålitelege data om utviklinga i norsk språk
- samarbeida med språkvitskaplege institusjonar om språkobservasjon, om faglege arrangement og bidra til fagleg debatt om språkutviklinga
- medverka til at Bokmålsordboka og Nynorskordboka kjem i oppdaterte utgåver slik at den gjeldande norma alltid er tilgjengeleg for publikum (elektronisk og/eller i papirut-gåver), og sjå til at normeringa av dei to målformene mest mogeleg skjer ut frå eins prinsipp
- ha ansvaret for kontroll og godkjenning av norskspråklege papirbaserte og elektroniske ordlister og ordbøker for skuleverket
- bidra til at det blir sett i gang fagprosjekt som er nyttige for kunnskapen om utviklingstrekk i moderne norsk
- koma med framlegg om normering av einskildord, utanlandske namn og andre innlån
- samarbeida med kontaktutvalet for mediespråk og med andre språklege yrkesorganisasjonar
- ha kontakt med NRK og andre etermedium om uttalespørsmål og gje råd om uttale
- foreslå endringar i gjeldande rettskriving og tilrådd syntaks når utviklinga gjer det
ønskjeleg
- halda kontakt med namnekonsulenttenesta
- vera oppdatert på det som skjer elles i Norden når det gjeld normering og
språkutvikling
- vera referansegruppe for svartenesta og rådgjevinga  i sekretariatet

 

4 Fagråd for terminologi og fagspråk

Mål: halda oppe og utvikla eit godt norsk fagspråk på sentrale fagområde

Fagrådet skal difor

- overvaka utviklinga for fagspråka i Noreg og formidla informasjon om utviklinga til
fagmiljøa, styresmaktene og publikum
- oppretta  brei kontaktflate med aktuelle samfunnsaktørar
- utvikla forpliktande samarbeidsformer for fag¬språkleg kvalitetetssikring i sentraladministra¬sjonen og alle offentlege instansar
- støtta arbeid som utviklar terminologi raskt og effektiv i takt med den teknologiske og økonomiske utviklinga
- formidla prosjektidear og medverka til å setja i gang prosjekt
- stimulera til god informasjonsflyt mellom brukarar og fagfolk og mellom fagfolk
- arbeida for å fremja forsking, i samarbeid med styresmakter og forskingsmiljø
- halda kontakt med den nasjonale standardiseringssektoren slik at det skjer kvalitetsomsetjing av standardar til norsk
- saman med andre syta for at det blir bygt opp og forvalta allment tilgjengelege elektroniske terminologidatabasar
- fungera som knutepunkt i Noreg og i det nordiske termarbeidet (Nordterm)
- ta initiativ til eller samarbeida om faglege arrangement
- vera referansegruppe for svartenesta og rådgjevinga i sekretariatet

 

 


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter