Mållova: Sakte framgang

(02.10.2007) Sju av åtte statsorgan bryt framleis mållova, men dei dårlegaste er blitt litt betre. Slik oppsummerer Språkrådet rapporten om målbruk i statstenesta for 2006.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Rapporten omfattar 158 statsorgan under departementsnivå.

I papirtilfang er det små endringar frå året før, men den gjennomsnittlege  nynorskprosenten har auka frå 22 til 27 i kortare tekstar.

36 av 158 statsorgan har over 25 % nynorsk i kortare tekstar. I lengre tekstar er det færre organ som oppfyller kravet.

Nynorskprosenten er på veg oppover på nettstadene. Det er klart færre statsorgan som har svært låg nynorskprosent.  Men talet på statsorgan som har over 25 % nynorsk, har ikkje auka.

I siste stortingsmeldinga om mållova (St.meld. nr. 7 for 2005–2006) varsla regjeringa sterkare innsats for å fremje nynorsk målbruk i staten.  Stortinget slutta seg til dette. På bakgrunn av stortingsmeldinga sende KKD i mars 2006 ut eit rundskriv (V-14/2006) til alle statsorgan, der departementet understreka for statlege leiarar på alle nivå at reglane om målbruk skal etterlevast,  og bad leiarane gje eit klart signal internt i eigen organisasjon om at målbruksreglane skal følgjast til punkt og prikke. Språkrådet har inntrykk av at rundskrivet blir teke alvorleg.

Men det er først ved målbruksrapporteringa for 2007 at ein vil sjå resultata av dei tiltaka som no er sette i verk.

Eitt hovudtiltak er at statsorgana har fått pålegg frå Språkrådet om å utarbeide konkrete tiltaksplanar med klar ansvarsfordeling og klare tidsfristar.

Eit svært viktig tiltak er oppbygging av ei språkteneste for statsorgan som mellom anna skal vere eit verkemiddel i arbeidet for måljamstilling i staten.

 


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.10.2007 | Oppdatert:19.11.2021