Hovudavtalen på nynorsk

(23.01.07) For første gong ligg dei to viktigaste dokumenta for partane i arbeidslivet, hovudavtalen og hovudtariffavtalen, føre på nynorsk. – Det er på tide, seier statsråd Heidi Grande Røys. Eg er veldig glad for at vi har fått gjort dette. Eg set stor pris på det gode samarbeidet vi har hatt med Språkrådet i denne saka.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

–   Eg vil òg nemne at det var Anders Folkestad i UNIO som kom med ideen. Ein svært god idé, seier fornyings- og administrasjonsministeren.

– Dette er eit gledeleg politisk initiativ som eg vil rose startsråden for, og det skulle berre mangle at ikkje vi stiller opp i slike samanhengar, seier Sylfest Lomheim, direktør for Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.01.2007 | Oppdatert:19.11.2021