Rosings språkpris tildelt stiftinga «Åpne kontorprogram på norsk»

(20.11.06) Rosings språkpris vart i kveld gjeven til stiftinga «Åpne kontorprogram på norsk». I grunngjevinga skriv juryen: «Juryen har valt å premiera eit IT-miljø som gjennom stor dugnadsinnsats, høg fagkunnskap og utbreitt prosjektsamarbeid har fått fram eit kontorstøtteprogram på norsk, bokmål og nynorsk, som er brukarvennleg og har høg språkleg kvalitet.»

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Rosings språkpris er eit samarbeidstiltak mellom Språkrådet og Den Norske Dataforening. Prisen vart skipa i 2002 og blir gjeven for godt norsk språk i IKT-samanheng. 

Stiftinga «Åpne kontorprogram på norsk» vart etablert i oktober 2004 for å fremje versjonar av OpenOffice på godt nynorsk og bokmål. OpenOffice er eit internasjonalt dugnadsprosjekt som skal sikre fritt tilgjengeleg programvare basert på opne standardar. 

For at slik programvare skal få innpass i marknaden, må nokon utføre det tidkrevjande, kompliserte og ressurskrevjande arbeidet med å leggje produktet til rette for norsk. Stiftinga har vore sentral i dette arbeidet, også gjennom eit omfattande dugnadsarbeid.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.11.2006 | Oppdatert:19.11.2021