Nye vegar i norsk språkpolitikk?

(25.04.06) – For å sikra at norsk held fram som nasjonalspråk i Noreg må det utformast ein samla språkpolitikk for framtida. Politikken må forankrast i tre demokratisk baserte rettar: retten til nasjonalspråk, retten til morsmål og retten til framandspråk. Det overordna målet er å sikra at nynorsk og bokmål blir brukte på alle område i samfunnet, og at norsk språk er det naturlege valet i alle situasjonar der det ikkje er nødvendig å bruka framandspråk, skriv interimsstyret i Språkrådet i eit brev til Kultur- og kyrkjedepartementet i mars år.

Språkrådet skriv vidare:

«Det inneber mellom anna å leggja forholda spesielt til rette for nynorsk som mindretalsspråk. Spissformulert kan ein seia at så lenge nynorsk og bokmål ikkje er fullt likestilte, kan ikkje norsk, forstått som to likestilte målformer, seiast å vera fullt ut samfunnsberande.»

Bakgrunnen for brevet er utgreiinga Norsk i hundre!, som ei arbeidsgruppe oppnemnd av Språkrådet la fram i oktober i fjor. I brevet skriv styret:

«Styret vil understreka at sjølv om det når dette blir skrive, ikkje synest å vera direkte fare for at norsk skal forsvinna i dei neste femti eller hundre åra, trengst det ein beredskap og ein politikk for norsk. Ferske undersøkingar tyder på at nesten 20 % er positive til å gå over til å bruka engelsk. Styret ser det slik at det er eit solid varsku om nedslåande haldningar når 20 % er klare til å gje opp norsk, og når 40 % er positive til å bruka engelsk som arbeidsspråk. Dette kan tyda på at engelsk som høgstatusspråk får ei stendig sterkare stilling, slik det mellom anna er uttrykt i den siste maktutgreiinga.»

Styret i Språkrådet legg fram desse forslaga for Kultur- og kyrkjedepartementet:

«1 Det bør lagast ei stortingsmelding som behandlar dei prinsipielle synspunkta som blir lagde fram her og i Norsk i hundre!. Målet med meldinga må vera at det blir vedteke ein overordna norsk språkpolitikk som det skal takast omsyn til ved utforminga av politikk på alle relevante område i samfunnslivet.

2 Måla for det nye Språkrådet bør utformast gjennom ei lov med forskrift, som då blir eit lovfest uttrykk for den statlege språkpolitikken. Det hastar å få på plass ei slik endeleg forankring av det nye organet.

3 Det er grunnleggjande at den norske språkpolitikken blir forankra i Stortinget og regjeringa og ikkje berre lagd til eitt departement, Kultur- og kyrkjedepartementet, slik han er i dag. Døme på departement som er svært viktige for å sikra måla og tiltaka som blir fremja her, er Kunnskapsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og den tverrdepartementale gruppa som har ansvar for it-utviklinga.
Ut over dei overordna synspunkta som her er framlagde og tiltaka som går fram av Norsk i hundre!, vil styret understreka desse punkta:

4 Det er naturleg å dela statens ansvar for språk på tre nivå:
– stortingsnivå, lovgjevande og politikkformande tiltak
– regjeringa, utøvande organ for politikken, gjennom statsministerens kontor og
departementa
– Språkrådet og andre faglege og administrativt utøvande språkorgan (til dømes Sametingets språkavdeling)

5 Styret vil peika på framlegget i Norsk i hundre! om å lovfesta ansvaret for å utvikla eit norsk fagspråk. I tillegg ber styret departementet reisa framlegg om å ta inn att ein paragraf om norsk undervisningsspråk i lov om universitet og høgskular. Ein slik paragraf, som presiserte at norsk til vanleg skal vera undervisningsspråket i høgre utdanning, vart teken bort av eit fleirtal i Stortinget i 2002.

6 Styret vil understreka sterkare enn strategigruppa har gjort at arbeidet med norsk som forskingsspråk ikkje må forsømmast, men utvidast. Det nye belønningssystemet for forsking i høgskular og universitet ser ut til å premiera nokså mekanisk forsking som er skriven på engelsk framfor forsking på norsk. Styret meiner å kunna slå fast at det på ei rad område er viktig at nettopp grunnforskinga blir gjennomført på norsk, og at dette i seg sjølv er viktig for å sikra andre mål, som at formidling og undervisning i høgre utdanning må gå føre seg på norsk.

7 Styret vil understreka den rolla barnehagane har for å sikra eit medvit om språk. Ansvaret for at ungane skal få respekt for eige og andre sitt talemål, at dei får rikeleg tilgang på bøker, filmar og data-program på norsk (nynorsk og bokmål) bør vera ein grunnleggjande del av den nye språkpolitikken.

8 Norsk i hundre! peikar på at dei store riksavisene i dag diskriminerer nynorsk ved at dei ikkje tillet nynorskjournalistar å bruka målforma si. Styret ber departementet vurdera om det kan setja inn tiltak for å sikra at denne diskrimineringa tek slutt. Eitt døme på eit statleg tiltak kan vera at ein ikkje gjev momsfritak for større riksaviser med allment formål dersom dei ikkje opnar for – og oppmodar om – å bruka begge målformene på redaksjonell plass i avisa.

9 Det bør tilsetjast ein rådgjevar på høgt nivå ved statsministerens kontor. Ei formalisering av den språklege kontrollen med språket i nye lover er viktig. Me vil og peika på det systemet ein har hatt sidan 1993 i Sverige, med ei eiga klarspråksgruppe i Justisdepartementet, samansett av administrative leiarar, juristar og språkekspertar.

10 Gjennomføringa av politikken bør rapporterast gjennom ei fast melding til Stortinget. Her kan òg dagens mållovsmelding takast inn. Ut frå krava til meldinga kan det tenkjast ei årleg melding, ei toårig eller ei fireårig melding.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter