Veps/kvefs

No image

Du har sikkert høyrt sint summing i sommar, anten frå kvefs, motorsyklar eller likesinna skapningar.

Språkleg har kvefsen, eller vepsen, same rot som scooteren Vespa, som heiter det same som veps i italiensk og latin. Legg merke til at to konsonantar har bytt plass i latinen. Slikt skjer rett som det er i språkhistoria, berre tenk på det norske geispa, som kjem av geip-sa.

Ikkje berre scooterar, men òg eitrande sinte menneske, blir jamførte med kvefs. Ein kvefs er til liks med ein sinnatagg gjerne ein mann, medan ei kvefse er ei kone. Nokon kvar kan koma i skade for å kvefsa/kveksa til nokon, altså å tala hardt og kvasst til dei.

I gammalnorsk heitte stor kvefs helst geitungr, kanskje på grunn av horna – jamfør svensk geting og kvefsearten geithams. Nemninga kvefs er likevel eldgammal hjå oss, men det rare er at variantane med hv- og kv- synest å vera nyare enn dei med v- (bortsett frå der v-uttale har kome inn frå bokmål i nyare tid). Det er eit uvanleg mønster. Kvefs o.l. kan vera påverknad frå andre ord med kv-, kanskje nokon med kvasse og kvislande konnotasjonar.

Kva ordet kjem av, er uvisst. Somme har knytt det til same rot som vev, i så fall har vel forfedrane våre tenkt på sjølve kvefsebolet.

Nedanfor kan du stifta nærare kjennskap med kvefsen utan å bli stukken sjølv. Her kjem eit oversyn over dialektvariantar med utgangspunkt i konsonantkombinasjonane. Merk at vokalen -e- òg kan stå for uttalen /æ/.

KV-F og GV-F: Kvefs byggjer bol i heile Sør-Noreg minus søraust, og heilt opp i Nordland. Her og der sleng det kvafs og kvøfs. I det området på Austlandet vest for Oslo der kv- tradisjonelt heiter gv-, og eit stykke vidare, er det gvefs ein gjerne eller ugjerne høyrer.

KV-P og GV-P: Kvepsen surrar òg vide kring i sør og nord, men hovudbølet ligg i sørvest. Attåt finst kvepse, kvøps og kvåps i vest og ein og annan gveps i aust.

KV-K og GV-K: Kveks har eit stort målvald på Austlandet nord for Oslo og dessutan heilt opp til Finnmark. Kveksn førekjem i Nordland, og i Midt-Noreg kryr det av kvaks. Lenger sør er det ikkje heilt fritt for gveks.

KV-S(M): Dei mest eksotiske nemningane finn vi i dei nordlege fylka: kves(s) og kvesm(e).

V-F, V-P og V-K  ofl.: Så har vi den k-lause forma. Vefs og veps herjar mest der kvit heiter /vit/ på Austlandet, mest rundt Oslofjorden, men òg nokre stader der ein elles nyttar kv-. På Sør-Vestlandet høyrest såleis både veps, vaps, våps og vøps (utan at det treng vera lån frå bokmål).

Til slutt får vi ta med vefse, vafse og vapse, alle frå sør i Sør-Noreg. Veks er notert frå Østfold. Og aller sist: vesp og den nærmast engelske forma vasp frå Rogaland.

---

Foto: Jiří Zůna – wasp (Lisens: CC BY-SA 2.0).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.08.2016 | Oppdatert:09.08.2023