VAR

No image

Under den pågåande verdsmeisterskapen i fotball har vi for alvor vorte kjende med forkortinga VAR. Forkortinga står for video assistant referee, direkte omsett til norsk videoassistentdommar. Det finst eigne reglar for korleis VAR-dømming skal utførast, den såkalla VAR-protokollen.

Mange aviser brukar videodømming, som er veletablert og mellom anna har vorte bruka om mållinjeteknologi. Sjølv om det då ikkje går fram at det er VAR det er tale om, tykkjer Språkrådet det er ei god løysing. Dersom vi skal omtale VAR spesielt, tilrår vi VAR(-dømming) eller videoassistentdommar, som i dei fleste tilfelle kan forenklast til videodommar.

På norsk kunne vi gjerne ha nytta forkortinga VAD i staden, men den som gjer det, vil bli ein språkleg pioner, og ein kan nok ikkje rekna med å bli forstått utan vidare.

I prinsippet er det i norsk valfritt å skriva initialord som ikkje er særnamn, med store eller små bokstavar. Reglane opnar altså for var i tillegg til VAR, på same måte som det er valfritt å skriva PC eller pc. Så ny og spesialisert som nemninga VAR er, er det gode praktiske grunnar til å velja skrivemåten med store bokstavar.

 

Publisert 6. juli 2018

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter