Uber utan y

No image

Uber er eit amerikansk firma som ved hjelp av ein mobilapp formidlar køyreoppdrag mellom passasjerar og sjåførar tilknytte firmaet. Dei lanserte tenesta si i Noreg i 2014. 

Namnet på firmaet var opphavleg UberCab, og forstavinga uber- blir brukt i engelsk for noko som er eit premieeksempel innan ein kategori, noko som overgår andre på ein eller annan måte. Opphavet er tysk über ‘over’, som i Übermensch ‘overmenneske’. I 2011 blei namnet forkorta frå UberCab til Uber.

Mange ser utan vidare samanhengen mellom firmanamnet og det tyske ordet über, og uttalar dermed namnet på norsk som /yber/. Men det er gode grunnar til å unngå y-uttale her. For det første blir namnet skrive på engelsk vis utan dei tyske tødlane, og den engelske uttalen av denne u-en liknar ikkje norsk y. For det andre ligg heller ikkje den tyske ü-lyden så nær norsk y som vi ofte trur. Når Språkrådet gir råd om uttale, er eitt av prinsippa vi legg til grunn, at det bør vere samsvar mellom skriftbilete og uttale. Ut frå dette tilrår vi uttalen /uber/, med u som i «ut» (altså [ʉ:] i IPA, det internasjonale fonetiske alfabetet). Dette rådet er på linje med NRKs praksis.

 

Publisert 22. januar 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.01.2016 | Oppdatert:04.08.2021