Trakassering

No image

Trakassering var eit mykje brukt ord i 2017, særleg i samband med den verdsomspennande metoo-kampanjen mot seksuell trakassering. 

NRK-programmet Språkteigen kåra beint fram trakassering til årets ord, det vil seie det ordet som har sett mest preg på året som har vore. Det er ikkje urimeleg når vi til dømes ser at dette ordet blei brukt dobbelt så ofte i norske aviser i 2017 som året før. Språkrådet på si side set som kriterium for årets ord at det skal vere eit ord av nyare dato, og i 2017 valde vi falske nyhende til årets ord.

Det ser ikkje ut til at tematikken trakassering vil bli mindre aktuell i 2018, og mange meiner det er på høg tid at ulike saker av dette slaget kjem fram i lyset.

Substantivet trakassering er ei avleiing av verbet trakassere, som kjem frå fransk tracasser. Det er truleg danna av traquer, som tyder ‘jage’ eller ‘drive klappjakt på’. Å trakassere nokon vil seie å plage nokon, gjerne fleire gonger eller over lengre tid. I våre dagar vil dei fleste meine at det er den som blir utsett for uønskt merksemd eller plaging, som må avgjere om det er såpass grovt at det kan kallast trakassering. Kva intensjonen bak handlinga var, speler mindre rolle. Historisk har det nok vore annleis, til dømes skriv den svenske historiske ordboka SAOB om verbet trakassera at det er å «medvetet utsätta (någon) för obehag eller kränkande behandling».

Merk at vi skriv trakassering med éin k og to s-ar; dette speglar skrivemåten i fransk heller enn korleis vi uttalar ordet på norsk.

 

Publisert 4. jaunar 2018

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.01.2018 | Oppdatert:03.08.2021